Press Reader

Digitale aviser og tidsskrift

PressReader er ei teneste som gjev tilgang til over 6000 aviser og magasin frå meir enn 125 land på 60 ulike språk.

Er du hekta på eller skremd av amerikansk politikk? Her finn du gode nyhetskilder. Du kan sikkert også finne «fake news» om det er det du vil ha …

Har du ein hobby? PressReader har magasin om foto, hage, helse, historie, mat, teknologi, vitskap og mykje, mykje meir.

Vil du lære eit nytt språk? Her finn du massevis av aviser og magasin du kan lese.

Saknar du lesestoff på morsmålet ditt? Det vil overraske oss om du ikkje finn noko av interesse i PressReader.

 På biblioteket

Bruker du ei av biblioteket sine datamaskinar, eller eigen maskin på biblioteket sitt nett, vil du finne tenesta på https://www.pressreader.com/. For mobile einingar finst det ein app du kan laste ned gratis frå App Store eller Google Play.

 Når du er heime

Logg deg inn i Mine lån (MappaMi) frå biblioteket si nettside eller websøk. Då finn du PressReader under Meir > Logg inn i PressReader:

Digital teneste i MappaMi: Vel Meir, so Logg inn i PressReader

Om du bruker Bibliofil-appen, må du opne menyen oppe i venstre hjørne, og logge inn i PressReader.

Digital teneste i Bibliofil-appen: Vel meny, so Logg inn i PressReader

Rettleiing

Her kan du laste ned ei brukarrettleiing (pdf)

Her finn du ei enkel brukarrettleiing på fleire språk

Her finn du filmar med rettleiing på engelsk

Translate »

Ved å fortsette å bruke denne siden, samtykker du i vår bruk av cookies Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close