Lisbeth Dreyer presenterer den ikonisk landskapsfotografen Knud Knudsen i Torsdagsakademiet torsdag 28. september kl.19. Forfattaren og filmskaparen Lisbeth Dreyer laga ei praktbok om Knud Knudsen, ein av våre store landskapsfotografer i høve jubileet i 2015, og har også presentert mannen og verket i fleire utstillingar.
 
Fotografen Knud Knudsen (1832-1915) var ein pionér i fotografiet sin barndom. Han var den første fotografen som reiste over heile landet og tok bilete, og arkivet etter han utgjer ein av Noregs viktigaste fotosamlingar. Sjølv om fotografia hans er mykje brukt, er personen Knud Knudsen lite kjend. Kven var Knud Knudsen? 100 år etter hans død gav SKALD forlag ut «Knud Knudsens album» i 2015 som samla eit rikt utval av fotografi frå hans mange reiser og eit langt liv med fotoapparatet.
 
Forfattarane Lisbeth Dreyer og Skule Eriksen har sett saman Knudsens fotografi til ein foto-biografi, og brukar i tillegg til fotografia utdrag av nyleg oppdaga brev etter Knud Knudsen. Boken gjev eit unikt innblikk i livet hans, omgangskretsen og arbeidet.
 
Knudsen starta sitt første fotoateliér i Bergen i 1864 i ein alder av 31 år og arbeidde i starten som portrettfotograf. Han konsentrerte seg etter kvart meir om landskapsfotografia retta mot den veksande turistmarknaden. Dette førte ham ut på mange reiser for å fotografera landskap, menneske, daglegliv, bymiljø, skysstasjonar og hotell over heile Noreg. Boka har foto frå m.a. anna Bergen, Hardanger, Sogn, Jotunheimen, Nord-Norge, Sørlandet og Oslo.
 
Knud Knudsen fotograferte også slektningane sine i Bergen og Hardanger, på studiereisa til Tyskland i 1862 og ei reise til Amerika i 1893. I tillegg har han mange motiv frå fruktgarden sin i Odda, som han var lidenskapleg oppteken av. Fotografia dokumenterer både hans eige liv og ein epoke i norsk historie. Store deler av arkivet etter Knud Knudsen er bevart og teller nesten 10.000 originale glasplater. I 2012 blei arkivet ein del av Norges dokumentarv i UNESCOs Memory of the World-register.
 
Lisbeth Dreyer er forfattar, fotograf og filmskaper. Hun laga sin første dokumentarfilm i 1989, og gav ut barneboka «Øystein Øyenstikker» i 2008. Sida har hun skrive ytterlegare fem bøker. Hun er for tida busett i Holmefjord.
 
Fusa folkebibliotek ønskjer alle velkomne til eit spennande foto-foredrag på biblioteket torsdag 28. september kl. 19. Billettar kr. 100.
Translate »

Ved å fortsette å bruke denne siden, samtykker du i vår bruk av cookies Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close