Hans Martin Austestad til Fusa
– Ein konsert for folk flest

Torsdag 31. august kl. 19. held Hans Martin Austestad konsert i Fusa folkebibliotek sine lokale i Eikelandsosen.

I mars 2017 gav Hans Martin Austestad ut plata «For folk flest» med  ei tilhøyrande bok med prosatekstar og bilete. Verket, med tekster, bilete og låtar, tar opp framandfrykt, fordommar og intoleranse i dagens samfunn. I tillegg har han invitert eit par skribentar til å skriva tekstar til boka.

Blant desse finn vi Sana Aoun, fribyforfattar som er busett i Tromsø. Ho skriv om å formatera mobiltelefon når dei fleste namna i kontaktlista er borte. Linda Kjosaas bidreg også med å dela sterke inntrykk frå si tid som hjelpearbeider i Dadaab, grenselandet mellom Somalia og Kenya.

Austestad meiner at «For folk flest» er eit populistisk slagord, så han prøver å koma med kvardagsforteljingar om møte mellom menneske og ulike kulturar.

«– Da merket eg at det ble mindre interessant å skrive songar om mine egne følelsar. For mange lukker øyane og ser innover i songane sine. Eg har hørt mye på politisk samfunnskommenterande musikk. Eg ble skuffa over at eg ikkje hadde laget fleire slike sjølv», fortel han

Difor kom plata «For folk flest» med ei bok i stort format, med prosatekster og bilete i tillegg til songtekstene. Her skriv han blant anna om flyktningkrisa med utgangspunkt i Hongkong, der han sjølv blei født som misjonærbarn. Han vaks opp i Eikelandsosen og Sandefjord, og har sjølv erfaring med å koma til ein ny plass.

Denne siste plata blir fokus for konserten på biblioteket, og vi ønskjer alle fusingar velkomne, uansett opphav og bakgrunn.

Translate »

Ved å fortsette å bruke denne siden, samtykker du i vår bruk av cookies Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close