Laurdag 24. og søndag 25. juni vert det høve til å sjå historiske foto frå Lygrepollen og Lukksund. Det vert utstilling i grendahuset på Sundfjord med bilete etter bygdefotografen Einar Sundvor (1899-1963).

I det lokalhistoriske arkivet i Fusa har ein digitalisert over 1000 foto frå samlinga etter Einar Sundvor. Vel 100 av bileta frå Lygrepollen og Lukksund vert å sjå på utstilling i gredahuset på Sundfjord kl 16-19 laurdag og kl 12-16 søndag 25. juni.

Bileta er tekne frå starten av 1900-talet fram til 1950-talet. Det er alt frå landskap og natur til portrett og gruppebilete. På bileta kan ein kjenna att over 300 personar frå grendene lengst sør i Fusa. Utstillinga gjev eit eineståande tidsbilete frå ei svunnen tid og levd liv i Podlen. Sundvor var ein dyktig fotograf og ein god dokumentarist som gjer at det har blitt ei spennande og flott utstilling.

I utstillinga vil ein også få høve til å blad i kopiar frå heile Sundvor-samlinga. Her er det motiv frå fleire bygder i Fusa og nabokommunane Tysnes og Kvinnherad. Ein del av personane på bileta er framleis ikkje identifiserte og kulturkontoret i Fusa vil gjerna ha hjelp til å finna fleire namn. Johanna Ljones frå Abotnes er den som har laga utstillinga og som arbeider med å gjera fotosamlinga tilgjengeleg. Det vert ny utstilling på Nordtveit 23. juli med vekt på motiv frå Nordtveitgrend.
Johanna vonar riktig mange finn vegen til det gamle ungdomshuset i Sundfjord no til helga.
Translate »

Ved å fortsette å bruke denne siden, samtykker du i vår bruk av cookies Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close