E-bøker

Om du har lånekort hjå oss, kan du låne ebøker til smarttelefonen eller nettbrettet ditt. 

Du må nytte appen BookBites for å låne digitale bøker til di mobile eining. Tenesta krev at du har lånekort ved eit folkebibliotek eller eit bibliotek ved ein vidaregåande skule i Hordaland.

Biblioteka i Hordaland har lånt ut e-bøker sidan 2014. Frå 2018 kan vi også by på nokon digitale lydbøker. Du kan også finne mange eldre, digitaliserte bøker i Bokhylla.no

Korleis låne digitale bøker?

Du treng epost-adresse og lånekort. Har du ikkje lånekort, får du det på biblioteket. Det er gratis å låne bøker både på biblioteket og i BookBites-appen!

1. Last ned appen Bookbites frå App Store eller Google Play
2. Lag ein brukar med epost-adresse og passord, eller via Google- eller Facebook-kontoen din.
3. Logg inn med lånenummer og pinkode frå biblioteket
4. Finn e-bøker eller digitale lydbøker, last ned og les

Treng du hjelp?

Sjå videoen under hvis du vil sjå korleis du kan opprette ein BookBites-brukar. Dersom noko går gale, kan du kontakte biblioteket ditt for å få hjelp.

Om BookBites

Du kan lese meir om BookBites i artikkelen vår om byte av utlånsløysing for e-bøker.

Bokhylla.no

Du kan også finne ebøker i samlinga til Nasjonalbiblioteket.

Translate »

Ved å fortsette å bruke denne siden, samtykker du i vår bruk av cookies Meir informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close