I Torsdagsakademiet får vi besøk av forfattaren Fartein Horgar. Han er født i Bergen som misjonærbarn i tredje generasjon og har vokst opp på Madagaskar. Dette var ramma for hans første roman Tabu frå 1993. I sitt siste prosjekt tar han oss med til eit dunkelt kapittel i vår historie som det framleis er strid om.

”Paradisets elendige” er første bok i ein romanserie om dei dansk-norske koloniane i Vest-India. I boka reiser vi 400 år tilbake i tid. Danmark er i ferd med å bli ei oversjøisk kolonimakt, og Noreg og Danmark er i union. På veg til Vest-India havarerer fregatten Færø, og skipet søkjer nødhamn i Bergen. Her mønstrar Johannes Hauge på. Han er på rømmen etter eit fælt brotsverk og søkjer eit nytt liv i Vestindia. Der kan ein som jobbar hardt nå langt. Men alt har ein pris. Hovudhandlinga i romanen finn stad i annen halvdel av 1600-tallet på øya St. Thomas. Neste bok er «I Slaktemåneden» med handling frå St. Jan på 1730-tallet. «Piratfuglen»  kjem i 2018 og utspel seg på St. Croix fra 1753 til 1793, under gullalderen for handelen på Dansk Vestindia, eit eventyrlig økonomisk oppsving som skyldtes sjuårskrigen mellom Frankrike og England.

Romanane lodda djupt i tema som rasisme, identitet og kristendommen i kolonialismens teneste gjennom dei kontrastfylte skildringane av øysamfunnet.

Fusa folkebibliotek torsdag 19. oktober kl.19.

Billettar kr. 100

Velkomen!

Translate »

Ved å fortsette å bruke denne siden, samtykker du i vår bruk av cookies Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close