Kva kan biblioteket tilby?

I menyane her finn du informasjon om medietilbod, og dei mange ulike digitale tenestene som biblioteket kan tilby.

På biblioteket i Eikelandsosen kan du finne bøker, lydbøker, tegneserier, filmer og spel til born og vaksne. Vi har og ein krok med dagens avisar og to pcer der du kan surfe på internett. I bornavdelingen kan barna kose seg i med ein bok i sofaen eller med eit spel rundt bordet. På loftet har vi dikt, lokalhistorie og studieplassar.

Lånetid på bøker og lydbøker er fire veker, og på film og spel er det to veker. Alt kan fornyast inntil to gongar om det ikke er nokon på venteliste. For å fornye ein bok logger du inn på Mappa mi med lånenummer og pin-kode, eller du tar kontakt med biblioteket i opningstidene.

Biblioteket lagar gjerne til bokkassar som vi lånar ut til skular og barnehagar. Send oss ein mail om med kva for skole, lærar og klasse, kor mange elevar og leseniva, og om det er nokon spesielle emner du ønskjer fokus på.

Fusa kommune har ein egen plan for utviklingen av biblioteket. Her kan du lese den.

Translate »

Ved å fortsette å bruke denne siden, samtykker du i vår bruk av cookies Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close