I dag går startskuddet for Sommarles! Frå 1. juni til 31. august kan alle som går i 1. til 7.klasse, delta på Sommarles 2017, saman med barn frå 300 andre kommunar i landet!

Sommarles er ein nettbasert kampanje. På nettsida sommarles.no kan du lage din eigen profil, registrere bøker, få lesetips, løyse oppgåver og fjølge med på kva vennene dine les. Her får du også tilgang til ei superspennande fantasyforteljing, skriven av forfattar Mari Moen Holsve. Sommarles er for alle: superlesarar, gode lesarar, middels gode lesarar…, men også for dei som treng litt  hjelp eller berre er i ferd med å lære seg å lese! Ein kan også få nokon til å lese for seg eller høyre på lydbøker.

Du kan velje å lese vanlege bøker, e-bøker, lydbøker, teikneseriebøker, eller kanskje nokon kan lese høgt for deg – all lesing tel. Og sjølvsagt har vi premiar! Du kan få både kule digitale trofé til profilen din på nettsida, og premiar som du hentar på biblioteket.

Sjekk ut sommarles.no for meir info.

God lese-sommar!

Sjå sommarlesvideoen her:

Translate »

Ved å fortsette å bruke denne siden, samtykker du i vår bruk av cookies Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close