Frå 1. juni til 31. august kan alle barn i 1. -7. klasse vere med på Noregs kulaste lesekampanje!

I fjor deltok nesten halvparten av barna i Fusa kommune, og Sommarles har vore ein stor suksess gjennom fleire år.

Målet med kampanjen er å motivere barna til å lese så mykje dei berre orkar i løpet av ein lang sommarferie. Alle kan vere med på Sommarles, både om de les raskt eller langsamt, mykje eller lite. Lydbøker og bøker nokon les for deg tel også.

 

Du får poeng for kvar side du lesar.

Poenga gir deg kule trofé til profilen din på nettsida, og premiar du kan henta i biblioteket!

På Sommarles.no kan du laga deg ein profil, registrera bøker, få lesetips, løysa oppgåver – og sjå kva vennane dine les.

Her får du òg lesa ei superspennande forteljing, skriven av forfattaren Mari Moen Holsve. 

 

Har du ikkje nettilgong, eller lurer på noko om Sommarles, er det berre å koma ein tur til biblioteket.

 

Sommaren blir mykje gøyare med Sommarles!

 

Sjekk ut Sommarles.no for meir informasjon.

Translate »

Ved å fortsette å bruke denne siden, samtykker du i vår bruk av cookies Meir informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close