Tysdag kl. 08.00 blir bibliotekaren på Fusa folkebibliotek funne drepen i biblioteket. Etterforskar L. Boksonn fastslår dødstidspunktet til måndag kl. 15.00.
Fem lånarar vart observert då dei forlet biblioteket rundt det tidspunktet.
Etterforskar L. Boksonn intervjua alle fem vitne for å høyra kva dei gjorde på biblioteket:

Kari: Eg var innom og leverte fire bøker om hagebruk.
Ola: Eg var innom og lånte ei skikkeleg spennande krimbok, eg leverte òg nokre bøker for barna mine.
Lise: Eg las dagens avis og slo opp nokre nynorske ord i ei ordbok.
Per: Eg skreiv ein e-post på dataen på biblioteket, og bladde litt i nokre bøker av Jørgen Jæger.
Robert: Eg leverte boken «1968» og lånte nokon lydbøker.

Etterforskar L. Boksonn klødde seg i skjegget og utbraut umiddelbart. Eg veit kven som drap bibliotekaren!

Kven er mordaren?

Skriv namnet på han du trur har myrda bibliotekaren, i kommentarfeltet på Facebooksiden til biblioteket.

Då er du med i trekninga av eit påskeegg.

Vinnaren blir trekt fredag 12. april kl. 12.

Translate »

Ved å fortsette å bruke denne siden, samtykker du i vår bruk av cookies Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close