Fusa folkebibliotek 14.02 kl. 19.00 – Gratis inngang!

Visste du at det kvar dag vert kasta 60 000 bananar i Noreg? Berre fordi folk flest vil kjøpe ei klase med bananar og ikkje single bananar. Kvar og ein av oss kastar også i snitt 8 kg med klede og tekstilar kvart år. Mette Nygård Havre leier folkerørsla «Spis opp maten» og selskapet Grønne verdier. Ho har djupnekunnskap om avfall og forbruk etter å ha jobba i renovasjonsselskapet BIR AS i 14 år, og har sett seg som mål å gjere heile Norge til matreddarar. Mette har fått masse merksemd etter at ho fekk matindustrien til å endre datomerkinga frå «Best før» til «Best før, men ikke dårlig etter». Målet er at betre informasjon ut til forbrukarane skal føre til positiv endring og reduksjon av matsvinn.

No kjem Mette på turne til biblioteka i Hordaland. Ho vil motivere alle til å bli meir medvetne forbrukarar. Hovudfokus i foredraget blir på matsvinn og plast, men som Mette seier:  «Vi må få økt bevissthet rundt alle avfallstypene om vi skal klare å redusere dem». Ho vil derfor vise korleis små og store tiltak i kvardagen kan føre til gode endringar. Ho vil og kome inn på det store bildet og vise korleis våre eigne handlingar kan vere viktige for det globale klima.

Mette gjev ut boka «Matredderen» på nyåret 2019. Ho er engasjert i debattar på radio om miljø og matsvinn. Ho skriv kronikkar og har over 55 000 følgjarar i sosiale media. Ho har vunne fleire prisar for sitt miljøengasjement, mellom anna Hordaland Fylkeskommune sin miljøpris i 2018.

Foredraget vil vare i om lag 45 minutt. Deretter blir det lagt opp til spørsmål/svar og samtale. Vi ser for oss at heile seansen tek om lag ein og ein halv time, alt etter engasjement etter foredraget.

Translate »

Ved å fortsette å bruke denne siden, samtykker du i vår bruk av cookies Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close