Tysdag 29. januar kl 18.00 får biblioteket i Fusa besøk av Cirkus Agora som i år har 30-årsjubileum. Sirkusdirektør Jan Kjetil Smørdal har denne kvelden med seg eit sirkus i miniformat. Det blir både gjøgling og magi, musikk og fart til glede for små og store.

– Det er få ting som kan begeistra så mykje som sirkus, uavhengig av alder, kultur eller språk. Vi treng gjøglarane, gjøglarane er opphavet til all moderne underholdning, seier den entusiastiske sirkusmannen Jan Ketil.

Det blir eit program å bli godt humør av og passar for sirkusvener i alle aldrar. Inngang er kr 100 for vaksne. Barn går gratis. Dersom du har følgjekort går ledsager gratis. Hugs at det er kontant betaling.

Arrangementet skjer i Kommunetunet i Eikelandsosen. På grunn av byggearbeid på Leiro er det litt vanskeleg å koma til bygget, men ein kan parkera ved den vidaregåande skulen eller koma frå Fjord’n senter.

Translate »

Ved å fortsette å bruke denne siden, samtykker du i vår bruk av cookies Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close